Vurdering: It’s learning eller SkoleArena?

mars 18, 2009 ved 10:07 am | Posta under Skole, Skoleutvikling, Skoleutvikling i det digitale nettsamfunnet, Uncategorized | Éin kommentar

På ITSL brukarkonferansen i dag seier ITSL at dei har forbetra vurderingsdelen, og at dei har mulegheit for full integrasjon med IST sine verkty.  Det er litt merkeleg at It’s learning snakkar mykje om integrasjon med andre verktøy, særskilt levert av IST (gpUntis, Extens og SkoleArena), medan IST ikkje snakkar så mykje om det. Mange lærarar klagar over at det medfører dobbeltarbeid å skulle føra karakterar og vurderingar i SkoleArena når ein alt gjer det i ITSL, det er der ein administrerer heile resten av faget. Dersom det er så enkelt med integrasjon, kvifor har me ikkje det då? Ein må i alle høve ha ein overordna ikt-strategi når det gjeld heilt konkrete ting som registrering og dokumentasjon. Kva for rutinar skal me ha, og korleis sikra at ein ikkje lesser meir arbeid og tidsbruk på lærarane? Samstundes er det ryddig at vurderingane er tilgjengelege for dei som skal kontrollera, og frå leiinga sit perspektiv er det enklast at det er eitt system for elevregistreringar, (anten det no er fagval, karakterar, vurderingar eller personopplysningar) Ein skulle tru at med alle desse nye verktøya så skulle det vera muleg å effektivisera og finna måtar der dette kunne ta mindre tid.

Mappevurdering i staden for eksamen?

mars 17, 2009 ved 10:48 am | Posta under Skole, Skoleutvikling, Skoleutvikling i det digitale nettsamfunnet | Kommenter innlegget
Stikkord: , , ,

I Dagbladet i dag står det at Kunnskapsdepartementet ynskjer å prøva ut ulike ordningar som alternativ til eksamen, som t.d. mappevurdering. Elevorganisasjonen helsar sjølvsagt dette initiativet velkomen, sidan dei lenge har vore opptekne av at eksamen er ein «utdatert måte å testa kunnskap på» (Håvard Vederhus, leiar i Elevorganisasjonen til Dagbladet i dag). Mange lærarar har også følt ubehag ved misforholdet mellom undervisninga og vurderingane gjennom året, og eksamen, der «alt skal ut» på ein dag, i løpet av kun fem timar. Eg synest mappevurdering er ein god idè, men berre dersom ein kombinerer dette med god variasjon i oppgåvetypar. Ein må sikra at kompetansemåla i læreplanane er godt dekka, og ein må sjølvsagt ha oppgåver som er av ein slik art at ein faktisk får målt dei aktuelle elevane sine kunskapar og ferdigheiter. Sik det er no brukar mange lærarar svært mykje tid på å hindra eller prova forsøk på juks og plagiat. Det viser seg på universitetsnivå også, stadig fleire vert tekne for juks/plagiat. Eit anna viktig moment er vurderingsforskrifta, og Utdanningsdirektoratet presiserer om vurdering: «Karakterer underveis i opplæringen skal settes på grunnlag av den kompetansen eleven har oppnådd på det tidspunkt vurderingen skjer, og ut fra det som er forventet på dette tidspunktet» (§§ 3-7, 4-7 i forskrift til opplæringslova).

Vidare står det om sluttvurdering (standpunkt): 

Standpunktvurdering skal gi informasjon om den kompetansen eleven har oppnådd i faget ved avslutningen av opplæringen (§§ 3-3, 4-4 i forskrift til opplæringslova og privatskolelova).

Standpunktkarakteren skal ikke være noe ”gjennomsnitt” av tidligere terminkarakterer eller prøvekarakterer, men skal relateres til elevens kompetanse i faget på det tidspunktet standpunktkarakteren fastsettes (§§ 3-7, 4-6, 4-7 i forskrift til opplæringslova). Sidan sluttvurderinga skal måle sluttkompetansen, er det vanskeleg å tenkja seg korleis innleverte arbeid frå oktober skal vektast i høve til det elevan viser i mai. Det blir arbeidsintensive vårmånader i avgangsfag kan eg tenkja meg?

Meir om web 2.0, samarbeid og folkeskikk

mai 8, 2007 ved 10:10 am | Posta under Skoleutvikling | Kommenter innlegget

Web 2.0 eller Enterprise 2.0 teknologi er svært god eigna som verkty for meir deling og samarbeid i skulen. Eg kjenner meg nesten litt «nyfrelst» på dette , faktisk. Og det er lett å sjå føre seg elevar som er oppegåande på ny teknologi, som meistrar det i det daglege, og som lett kan ta det i bruk i læringsarbeid i skulesamanheng óg. Likevel kan eg ikkje fri meg frå tanken på eleven som kjem til kort, anten fagleg eller når det gjeld andre ting. Ved å bruke desse nye verktya vert me alle meir synlege, på godt og vondt. Korleis skal me unngå at dette fører til uthenging og mobbing? Eller meir av det, burde eg seia, sidan det førekjem no og sjølvsagt. Dette er noko me må ta inn over oss, og det er heilt sikkert vanlege innvendingar frå skeptikarar. Me må ha ein strategi for dette óg, korleis byggje trygge og gode læringsmiljø i klassen/gruppa, korleis ta vare på det sosiale, og ikkje minst vert folkeskikk på nett svært viktig; nettikette. Eg trur det er viktig at heile skulen er saman om dette, og at me lagar felles normer og reglar som gjeld for alle. Her kan elevane heilt sikkert bidra. Kanskje me må få det inn i eit innføringskurs når Vg1-elevane får pc’ane sine til hausten? Me har lett for å tru at alle ungdommar har full peiling på alt som rører seg på internett, men det er jo ikkje tilfelle. Dei må nok ha opplæring i ulik grad, og folkeskikk på nettet er like viktig og like sjølvsagt som i den verkelege verda. Det er viktig at me ikkje gløymer det.

Lag ei gratis nettside eller ein blogg på WordPress.com.
Entries og kommentarar feeds.