Vurdering: It’s learning eller SkoleArena?

mars 18, 2009 ved 10:07 am | Posta under Skole, Skoleutvikling, Skoleutvikling i det digitale nettsamfunnet, Uncategorized | Éin kommentar

På ITSL brukarkonferansen i dag seier ITSL at dei har forbetra vurderingsdelen, og at dei har mulegheit for full integrasjon med IST sine verkty.  Det er litt merkeleg at It’s learning snakkar mykje om integrasjon med andre verktøy, særskilt levert av IST (gpUntis, Extens og SkoleArena), medan IST ikkje snakkar så mykje om det. Mange lærarar klagar over at det medfører dobbeltarbeid å skulle føra karakterar og vurderingar i SkoleArena når ein alt gjer det i ITSL, det er der ein administrerer heile resten av faget. Dersom det er så enkelt med integrasjon, kvifor har me ikkje det då? Ein må i alle høve ha ein overordna ikt-strategi når det gjeld heilt konkrete ting som registrering og dokumentasjon. Kva for rutinar skal me ha, og korleis sikra at ein ikkje lesser meir arbeid og tidsbruk på lærarane? Samstundes er det ryddig at vurderingane er tilgjengelege for dei som skal kontrollera, og frå leiinga sit perspektiv er det enklast at det er eitt system for elevregistreringar, (anten det no er fagval, karakterar, vurderingar eller personopplysningar) Ein skulle tru at med alle desse nye verktøya så skulle det vera muleg å effektivisera og finna måtar der dette kunne ta mindre tid.

Mappevurdering i staden for eksamen?

mars 17, 2009 ved 10:48 am | Posta under Skole, Skoleutvikling, Skoleutvikling i det digitale nettsamfunnet | Kommenter innlegget
Stikkord: , , ,

I Dagbladet i dag står det at Kunnskapsdepartementet ynskjer å prøva ut ulike ordningar som alternativ til eksamen, som t.d. mappevurdering. Elevorganisasjonen helsar sjølvsagt dette initiativet velkomen, sidan dei lenge har vore opptekne av at eksamen er ein «utdatert måte å testa kunnskap på» (Håvard Vederhus, leiar i Elevorganisasjonen til Dagbladet i dag). Mange lærarar har også følt ubehag ved misforholdet mellom undervisninga og vurderingane gjennom året, og eksamen, der «alt skal ut» på ein dag, i løpet av kun fem timar. Eg synest mappevurdering er ein god idè, men berre dersom ein kombinerer dette med god variasjon i oppgåvetypar. Ein må sikra at kompetansemåla i læreplanane er godt dekka, og ein må sjølvsagt ha oppgåver som er av ein slik art at ein faktisk får målt dei aktuelle elevane sine kunskapar og ferdigheiter. Sik det er no brukar mange lærarar svært mykje tid på å hindra eller prova forsøk på juks og plagiat. Det viser seg på universitetsnivå også, stadig fleire vert tekne for juks/plagiat. Eit anna viktig moment er vurderingsforskrifta, og Utdanningsdirektoratet presiserer om vurdering: «Karakterer underveis i opplæringen skal settes på grunnlag av den kompetansen eleven har oppnådd på det tidspunkt vurderingen skjer, og ut fra det som er forventet på dette tidspunktet» (§§ 3-7, 4-7 i forskrift til opplæringslova).

Vidare står det om sluttvurdering (standpunkt): 

Standpunktvurdering skal gi informasjon om den kompetansen eleven har oppnådd i faget ved avslutningen av opplæringen (§§ 3-3, 4-4 i forskrift til opplæringslova og privatskolelova).

Standpunktkarakteren skal ikke være noe ”gjennomsnitt” av tidligere terminkarakterer eller prøvekarakterer, men skal relateres til elevens kompetanse i faget på det tidspunktet standpunktkarakteren fastsettes (§§ 3-7, 4-6, 4-7 i forskrift til opplæringslova). Sidan sluttvurderinga skal måle sluttkompetansen, er det vanskeleg å tenkja seg korleis innleverte arbeid frå oktober skal vektast i høve til det elevan viser i mai. Det blir arbeidsintensive vårmånader i avgangsfag kan eg tenkja meg?

Kommentar til kurset: Participatory Media/Collective Action Syllabus

mai 11, 2007 ved 9:24 pm | Posta under Skoleutvikling i det digitale nettsamfunnet | 3 kommentarar

Førsteinntrykket mitt var at  kursrommet  er uoversiktleg, og nokså vanskeleg å orientere seg i. Tenkte eg måtte hatt rettleiing for i det heile å koma i gang…Men etter å ha klikka meg rundt og lese og studert ei stund, såg det greiare ut. Ikkje alle studentane såg ut til å ha vore like aktive, nokre fordi dei ikkje formelt sett gjekk på kurset. Lurer på om nokre datt av lasset? Kurset hadde ei «vanleg» oppbygging med pensumtekstar, førelesingar og diskusjonar. Men den store skilnaden her er det som står på Assignments-sida, nemleg at deltaking er nøkkelen:

 ”Instead of papers and tests, the instructors will rely on your blogging, wiki work, and classroom discussion to evaluate your grasp of the syllabus. Your blog and wiki page is your way to communicate that you have understood and thought about the assigned readings. Your blog and wiki page, and the instructors blogs and personal wiki pages are an open channel for you to communicate with them”. https://courses.ischool.berkeley.edu/i296a-3/f06/wiki/index.php/Assignments

Ein lærer om verktya gjennom å faktisk bruka dei, og det er jo det same som me gjer på kurset vårt! 

Frå elevperspektivet er dette interessant fordi ein brukar dei nye internetteknologiane i utdanningssamanheng, som læringsverkty og ikkje som sosial arena eller underhaldning. Det utfordrar oss når det gjeld å opna oss for andre sitt blikk, og dela tankane våre. Mine erfaringar frå dette kurset er at det er skummelt, men også veldig lærerikt! Utruleg interessant å få tilgang til andre sine refleksjonar og kanskje ulike perspektiv. (Sosial bivirkning: ein ny venn på facebook  og ein ny msn-venn.)

Frå lærarperspektivet dukkar det opp andre problemstillingar: Tradisjonelt er det eit avgrensa tal oppgåver som skal rettast, og ein har her-og-no-situasjonane i klasserommet i verkeleg, forgjengeleg tid. Rheingolds kurs føregår i verkeleg tid og i wikien, og eg tenkjer at det må vera vanskeleg å halde oversikten. Eg trur eg måtte ha jobba litt med rutinar for å unngå å vera pålogga konstant. Lærarane må jo få litt av ein jobb med å halde styr på alle oppdateringar? Samstundes har ein mulegheit til å fylgje elevane sin læringsprosess tettare, og det er nyttig.

Facebook

mai 10, 2007 ved 3:21 pm | Posta under Social software | Kommenter innlegget

Har oppdaga fjesboka, og har brukt mykje tid (les: fritid ;-)) der dei siste dagane. Er entusiastisk fordi eg får nye og finn gamle venner, men og skremt over mulegheitene og manglande nettvit hjå somme.  Sjekk sjølv, registrer deg på facebook.com. Meir om dette kjem nok seinare!

Meir om web 2.0, samarbeid og folkeskikk

mai 8, 2007 ved 10:10 am | Posta under Skoleutvikling | Kommenter innlegget

Web 2.0 eller Enterprise 2.0 teknologi er svært god eigna som verkty for meir deling og samarbeid i skulen. Eg kjenner meg nesten litt «nyfrelst» på dette , faktisk. Og det er lett å sjå føre seg elevar som er oppegåande på ny teknologi, som meistrar det i det daglege, og som lett kan ta det i bruk i læringsarbeid i skulesamanheng óg. Likevel kan eg ikkje fri meg frå tanken på eleven som kjem til kort, anten fagleg eller når det gjeld andre ting. Ved å bruke desse nye verktya vert me alle meir synlege, på godt og vondt. Korleis skal me unngå at dette fører til uthenging og mobbing? Eller meir av det, burde eg seia, sidan det førekjem no og sjølvsagt. Dette er noko me må ta inn over oss, og det er heilt sikkert vanlege innvendingar frå skeptikarar. Me må ha ein strategi for dette óg, korleis byggje trygge og gode læringsmiljø i klassen/gruppa, korleis ta vare på det sosiale, og ikkje minst vert folkeskikk på nett svært viktig; nettikette. Eg trur det er viktig at heile skulen er saman om dette, og at me lagar felles normer og reglar som gjeld for alle. Her kan elevane heilt sikkert bidra. Kanskje me må få det inn i eit innføringskurs når Vg1-elevane får pc’ane sine til hausten? Me har lett for å tru at alle ungdommar har full peiling på alt som rører seg på internett, men det er jo ikkje tilfelle. Dei må nok ha opplæring i ulik grad, og folkeskikk på nettet er like viktig og like sjølvsagt som i den verkelege verda. Det er viktig at me ikkje gløymer det.

Kommentar til Dalsgaard: Social Software: E-learning beyond learning management systems

mai 4, 2007 ved 1:23 pm | Posta under Skoleutvikling i det digitale nettsamfunnet | 4 kommentarar

I denne artikkelen argumenterer Dalsgaard for at e-læring berre kan lukkast dersom studentar tek i bruk andre verkty i tillegg til LMS (t.d. It’s learning).  Ved å bruka andre verkty som t.d. wiki, blogg, RSS feeds og «bookmarking» kan e-læring gje aktive, sjølvstyrte, og problemløysande elevar. Han seier  at innanfor eit konstruktivistisk lærings- og kunnskapssyn er det ikkje tilstrekkeleg med LMS, fordi denne i utgangspunktet rettar seg mot lærarar og er best eigna til å administrere fag, leggje ut planar, notat, oppgåver osb. Dalsgaard presenterer ein modell for e-læring der LMS er eit administrativt verkty, og der elevane i tillegg har tilgang på t.d. blogg, wiki og andre sosiale nettverks-  og samarbeids-verkty. Slik kan ein auka samarbeidet mellom elevane, dei får tilgang på fleire ressursar, og han peikar på at denne modellen kan gjera elevane betre i stand til å løyse problem både på skulen, i privatlivet og i arbeidslivet. Dette samsvarer betre med målet om livslang læring.

Eg synest Dalgaard peikar på eit interessant problem her, nemleg at LMS i seg sjølv ikkje er nok. Me brukar It’s learning først og fremst slik som han beskriv: Til å leggje ut beskjedar, planar, oppgåver, ressursar og lenker. Det vert mykje einvegskommunikasjon, og læraren styrer det heile. Eg synest det hadde vore fint dersom elevane i større grad kunne vera aktive deltakarar. Det finst til ein viss grad mogelegheiter for deling via diskusjon, meldingar og e-portfolio, men mange lærarar føler vel som meg; at ein ikkje heilt veit korleis ein skal nytte dette på ein god måte. Som så ofte før kjem det nye verkty og funksjonar, men me lærarar må finna ut av det sjølve. Det har og vore mykje fokus på «teknisk bruk av It’s learning», altså korleis ein opprettar fag, legg inn elevar osb., og så skulle me etter kvart fokusera på «pedagogisk bruk», men ingen kan vel eigentleg heilt svara på kva som ligg i det omgrepet.

Eit anna dilemma her er at me oppmodar til deling og samarbeid, medan elevane skal vurderast individuelt med karakter, og eksamen framleis føregår  mest «på gamlemåten».

Dessutan, som ein kollega peika på: Dalsgaards modell føreset ganske oppegåande elevar. Kva med dei som vegrar seg for å vise seg fram? Mange elevar synest det er skummelt nok å vise det dei har produsert for læraren, korleis vert det då å leggje det ut for ålmenta? Etiske problemstillingar kan og fort dukke opp: Kva med elevar med dysleksi, eller ulike grader av sosial angst, skal dei tvingast til å blogga?

Kommentar til Enterprise 2.0: The Dawn of Emergent Collaboration

april 26, 2007 ved 4:29 pm | Posta under Skoleutvikling i det digitale nettsamfunnet | 3 kommentarar

Min fyrste reaksjon etter å ha lese artikkelen, er at det er stor avstand mellom det som føregår på nettet innanfor det ein kallar Web 2.0 (Wiki, blogging osb.) og det som føregår på skulen. Det som kjenneteiknar Web 2.0- og Enterprise 2.0- teknologiar er samarbeid, brukarstyring og at alt er gjennomsiktig. Dette med samarbeid er etter mi meining kanskje den største utfordringa for skulen. Lærarane er pålagde å samarbeida, men på mange skular er det liten kultur for deling. Me samarbeider ofte om felles heildagsprøvar og liknande, men er kan hende lite viljuge til å dela t.d. undervisningsopplegg med kvarandre. Mange erfarer at samarbeid betyr meirarbeid, og då opplever ein at meininga forsvinn. Utfordringa vert i første omgang å skapa ein delingskultur i kollegiet. På ein skule er det svært stor samla kompetanse innanfor ulike fag, men denne er i mange tilfelle dårleg utnytta: Ein lærar underviser i eit fag for ei gruppe elevar. Denne læraren har ansvar for å undervisa alle delemne/læreplanmål innanfor dette faget, men i eit kollegium vil lærarar som underviser i det same faget ha ulik kompetanse. Ein lærar har t.d. spisskompetanse på Sør-Afrika etter Apartheid medan ein annan er ekspert i Shakespeares sonettar. I ei kunnskapsbedrift som skulen, med så stor samla kunnskap, bør det vera i alle si interesse at flest mogeleg kan nyttiggjere seg mest mogeleg av denne samla kompetansen. Korleis får ein så det til? Som fagkoordinator for framandspråk prøver eg i år ut It’s learning som samarbeidsverkty, i første omgang for å fremja delingskultur på seksjonen. Eg har oppretta eit fag for seksjonen med ein mappestruktur der lærarane vert oppfordra til å legge inn undervisningsopplegg, presentasjonar, oppgåver, prøvar, planar, lenker osb. Ei problemstilling som umiddelbart dukkar opp her er tilhøvet mellom styring ovanfrå og framvekst nedanfrå. McAfee seier: ”[…] use of Enterprise 2.0 technologies is not automatic and depends greatly on decisions made by and actions taken by managers.” Det ikkje er nok å lage til verktyet og sei ”Ver så god, set i gang”. Ei løysing for å kome i gang, kan vera som beskrive i artikkelen, å la ei gruppe kollegaer starte, og så la det veksa fram derfrå. På den måten vil fleire og fleire verta dregne inn, fordi dei ser nytteverdien. I vårt fag Språkseksjonen er somme aktive og legg inn ting, medan andre sjeldan loggar seg på. Kan hende vil fleire følgje etter kvart, dersom ein greier å synleggjere nytten. Utfordringa vert då å finne den rette kombinasjonen av mildt press ovanfrå og eit opplevd behov hjå brukarane for å dele og nyttiggjere seg andre sin kunnskap.

Lag ei gratis nettside eller ein blogg på WordPress.com.
Entries og kommentarar feeds.