Meir om web 2.0, samarbeid og folkeskikk

mai 8, 2007 ved 10:10 am | Posta på Skoleutvikling | Kommenter innlegget

Web 2.0 eller Enterprise 2.0 teknologi er svært god eigna som verkty for meir deling og samarbeid i skulen. Eg kjenner meg nesten litt “nyfrelst” på dette , faktisk. Og det er lett å sjå føre seg elevar som er oppegåande på ny teknologi, som meistrar det i det daglege, og som lett kan ta det i bruk i læringsarbeid i skulesamanheng óg. Likevel kan eg ikkje fri meg frå tanken på eleven som kjem til kort, anten fagleg eller når det gjeld andre ting. Ved å bruke desse nye verktya vert me alle meir synlege, på godt og vondt. Korleis skal me unngå at dette fører til uthenging og mobbing? Eller meir av det, burde eg seia, sidan det førekjem no og sjølvsagt. Dette er noko me må ta inn over oss, og det er heilt sikkert vanlege innvendingar frå skeptikarar. Me må ha ein strategi for dette óg, korleis byggje trygge og gode læringsmiljø i klassen/gruppa, korleis ta vare på det sosiale, og ikkje minst vert folkeskikk på nett svært viktig; nettikette. Eg trur det er viktig at heile skulen er saman om dette, og at me lagar felles normer og reglar som gjeld for alle. Her kan elevane heilt sikkert bidra. Kanskje me må få det inn i eit innføringskurs når Vg1-elevane får pc’ane sine til hausten? Me har lett for å tru at alle ungdommar har full peiling på alt som rører seg på internett, men det er jo ikkje tilfelle. Dei må nok ha opplæring i ulik grad, og folkeskikk på nettet er like viktig og like sjølvsagt som i den verkelege verda. Det er viktig at me ikkje gløymer det.

Kommenter innlegget »

RSS-kjelde for kommentarar om dette innlegget. TilbakeSporings-URI

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Log Out / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Log Out / Endre )

Koplar til %s

Blogg på WordPress.com. | Tema: Pool av Borja Fernandez.
Innlegg og kommentarar feeds.

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.