05.11.07
Kommentar til kurset: Participatory Media/Collective Action Syllabus
Førsteinntrykket mitt var at kursrommet er uoversiktleg, og nokså vanskeleg å orientere seg i. Tenkte eg måtte hatt rettleiing for i det heile å koma i gang…Men etter å ha klikka meg rundt og lese og studert ei stund, såg det greiare ut. Ikkje alle studentane såg ut til å ha vore like aktive, nokre fordi dei ikkje formelt sett gjekk på kurset. Lurer på om nokre datt av lasset? Kurset hadde ei “vanleg” oppbygging med pensumtekstar, førelesingar og diskusjonar. Men den store skilnaden her er det som står på Assignments-sida, nemleg at deltaking er nøkkelen:
”Instead of papers and tests, the instructors will rely on your blogging, wiki work, and classroom discussion to evaluate your grasp of the syllabus. Your blog and wiki page is your way to communicate that you have understood and thought about the assigned readings. Your blog and wiki page, and the instructors blogs and personal wiki pages are an open channel for you to communicate with them”. https://courses.ischool.berkeley.edu/i296a-3/f06/wiki/index.php/Assignments
Ein lærer om verktya gjennom å faktisk bruka dei, og det er jo det same som me gjer på kurset vårt!
Frå elevperspektivet er dette interessant fordi ein brukar dei nye internetteknologiane i utdanningssamanheng, som læringsverkty og ikkje som sosial arena eller underhaldning. Det utfordrar oss når det gjeld å opna oss for andre sitt blikk, og dela tankane våre. Mine erfaringar frå dette kurset er at det er skummelt, men også veldig lærerikt! Utruleg interessant å få tilgang til andre sine refleksjonar og kanskje ulike perspektiv. (Sosial bivirkning: ein ny venn på facebook og ein ny msn-venn.)
Frå lærarperspektivet dukkar det opp andre problemstillingar: Tradisjonelt er det eit avgrensa tal oppgåver som skal rettast, og ein har her-og-no-situasjonane i klasserommet i verkeleg, forgjengeleg tid. Rheingolds kurs føregår i verkeleg tid og i wikien, og eg tenkjer at det må vera vanskeleg å halde oversikten. Eg trur eg måtte ha jobba litt med rutinar for å unngå å vera pålogga konstant. Lærarane må jo få litt av ein jobb med å halde styr på alle oppdateringar? Samstundes har ein mulegheit til å fylgje elevane sin læringsprosess tettare, og det er nyttig.